Jarle redda kattugla...
...frå trafikkdøden !
Det
kom ein trailer til og ein personbil, men desse fekk Kirsten Flåm
stoppa i siste liten medan Jarle Sandvik fanga ugla med hendene. Det
viste seg å vere ei kattugle. Sandvik tok med seg fuglen inn i bilen og
sat med ho på fanget. For aller første gong hadde den
naturinteresserte ei ugle så nær.
Skadd? Dei
reisande vurderte kva dei skulle gjere med kattugla. Det kunne jo hende
fuglen var skada og trengde ein sjekk av veterinær. Foreviga hendingaUgla vart litt redd i det Sandvik gjekk ut av bilen. Den skifta tak med klørne og greip skikkeleg til så klørne gjekk inn i fingrane på mannen. Han måtte få hjelp av kona til å trekke ut at klørne. - Det var ikkje spesielt ilt, og litt må ein tole når ein er så heldig å ha ei lys levande ugle i hendene, seier Sandvik. Til all lukke låg fotoapparatet i bilen. Kirsten Flåm fekk teke nokre bilete av ugla medan mannen heldt ho. Til slutt sat ho på handa klar til å få friheita attende. Men ho gav seg så pass tid at ho kunne forevigast i heilfigur, før ho tok sats og sigla av garde og inn i skogen. - Det heiter seg i følgje gamal overtru at kattugler varslar om død. Me var faktisk på veg til ei gravferd, så ugla var nok litt seint ute, seier Sandvik humoristisk. |
![]() |