Lærdalstunnelen er opna !
Rundt 4000 menneske var samla til den store
hendinga
Klikk på bileta for å gjere dei større !
Bakgrunnsstoff
Den 27. november opna H.M.Kong Harald V verdas lengste vegtunnel, Lærdalstunnelen. Tunnelen, som er den lengste i verda, er ein viktig del av det ferjefrie vegsambandet mellom Bergens-området og austlandet. Opningsarrangementet fann stad ved rundkøyringa på Håbakken i Lærdal.
Bygginga
av den 24,5 km lange Lærdalstunnelen tok til den 15. mars 1995 og salva som
markerte gjennomslaget i tunnelen vart sprengt 3. september 1999. Året etter
gjennomslaget har gått med til mellom anna arbeid med ettersikring,
elektroarbeid, arbeid med tryggleiksutstyr, måling og lyssetjinga av
fjellhallar, bygging av reinseanlegg og arbeid i på Håbakken i Lærdal og
Nyheim i Aurland.
Luft,
lys og tryggleik
Lærdalstunnelen er ikkje berre verdas lengste vegtunnel. Som første tunnel i verda er Lærdalstunnelen utstyrt med reinseanlegg som skal fjerne både støv og nitorgendioksid (NO2). I tillegg har tunnelen mellom anna 32 impulsvifter som syter for frisk luft i den lengste delen av tunnelen. I Lærdalstunnelen er både naudtelefonar og brannslokkingsapparat installert tettare enn kva som er vanleg i andre tunnelar. Dette tryggingsutstyret er kopla saman i eit dataanlegg som vert overvaka og styrt frå Statens vegvesen sine vaktsentralar. I tillegg til dette har alle snunisjer fått spesiell lyssetjing, og fjellhallane med det blå og gule lyset, deler tunnelen i fire seksjonar som skal bryte monotonien for dei som køyrer den 24,5 km lange strekninga.
- Etter fem og eit halvt års arbeid ser vi no fram til å ta Lærdalstunnelen i bruk, og vi håpar at riktig mange finn vegen til Lærdal på opningsdagen. Med dei tiltaka som er gjort i Lærdalstunnelen trur vi at køyreturene gjennom Lærdalstunnelen vil bli ei behageleg reise der trafikantane kan kjenne seg trygge, seier vegsjef Lars Lefdal.