Månefisk i Aurland...


...sjeldan gjest i våre farvatn

Familiane Kari Øvstedal/Arild Mykkeltveit og Gerd Irene Turlid Thy/Ottar Thy fann onsdag 01.januar ein stor Månefisk som hadde stranda i fjøra mellom Grønnene og Høydalen i Aurland.

Ein merkeleg fisk var observert før jul svømmende fram og tilbake. Antakeleg var det denne fisken som no vart funne stranda i fjøra.

Månefisken var skiferblå og vog 9,6 kg. Høgda mellom halefinnane var76,5 cm, mens lengda var 52,5 cm. Sjølve høgda på kroppen var 36 cm.

Månefisken som og lyder det latinske namnet "Mola Mola" kan bli opptil 3,3 m og ha ei vekt på over 1000kg.

Månefisken eller klumpfisken er ein fastkjevet fisk med rundaktig sterkt sammentrykkt kropp.

Blygrå eller skiferblå med tjukk læraktig hud. Bukfinnar manglar og halefinnena er samansett til ein sigdforma vifte.

Fisken førekjem i øvre vasslag i tropiske hav. Den lever av plankton, maneter og blekksprut.

Den er jordas fruktbareste virveldyr og gytar om lag 300 millionar egg.

Det hendar at unge månefiksar 0,5m -1m kjem inn til Norskekysten  som følgje av næringsvandring nordover med Atlanterhavsstraumen.

På slutten av 1960 talet vart det fanga inn levande månefisk i eit brislingsteng i Aurland.

Denne vart henta med fly av akvariet i Bergen.

Seinare har Harald Sjursen og Oddvar Vaksdal fått kvart sitt eksemplar av arten i garn på Flåm.

Månefisken er nå overlevert Aurland Barne og Ungdomsskule slik at skulane i Aurland kan gjera seg kjent med denne.

                                                                                   Arvid Gilje