Dei siste førebuingane... |
|
 |
 |
 |
|
|
|
|
|
|
9.
klasse drog først i gang med utdrag frå musikalen ”Grease”.
Her vart melodien ”Summer night” nydeleg mima til backingmusikk og eit
svært så presist
innøvd rollespel.
Endå meir imponerande når ein veit kor avgrensa tid elevar og instruktørar
har hatt til øving.
|
 |
 |
 |
 |
 |
 |
 |
 |
 |
 |
|
 |
 |
 |
|
|
|
|
|
|
10.
klasse har teke utgangspunkt i musikalen ”Hair”. Dei har laga eit svært
flott scenebilete, der soldatar på veg til Vietnam, demonstrantar med
sine antikrigsplakatar, dansarar og musikarar med solistar bidreg til å
skapa ei truverdig ramme. Ein elev frå klassen hadde redigert eit utdrag
frå filmversjonen av musikalen som bakkulisse for det som skjer på
golvet. Mot slutten fekk me servert nydelege versjonar av fredsmelodiane
”Blowing in the wind” og ”I natt jag drømde”.
|
 |
 |
 |
 |
 |
 |
 |
 |
 |
 |
 |
 |
 |
 |
 |
|
 |
 |
 |
|
|
|
|
|
|
8.
klasse hadde musikalen ”Saturday night fever” som tema for sitt
innslag. Her fekk me innleiingsvis ein linedance-inspirert dans med heile
klassen i aksjon. Så var det flotte bilete tekne frå og av elevar i
klassen, før avslutningsnummeret, ein revyinspirert versjon over den
norske varianten av ”Night fever”, ”Giktfeber”. |
 |
 |
 |
 |
 |
 |
 |
 |
 |
 |
|
|
|
|
|
Heile ungdomssteget mottok velfortjent
trampeklapp frå publikum |
 |
 |
 |
 |
 |
|
|
|
|
|
Publikum var heilt med både under og etter
framsyninga |
 |
 |
 |
 |
 |
|
 |
|
 |
|