Historia om Arne og Øyvind Tokvam i
Flåm, som vart rana sist helg,
går verda rundt i aviser, TV, radio og på internett.
Aldri har nokon frå bygda vorte kjendisar på så kort tid,
og så omfattande, som desse karane.
Dei dankar ut Flåm Utvikling, NSB, Cruise-skip, reiseliv, Flåmsdalen,
Aurlandsdalen osb med god margin.
Aurland.com var på vitjing fredag ettermiddag.
Då hadde SE OG HØR nett vore hjå dei med ny safe, stripparar,
Olsenbande-kjendis, vin, og diverse effektar.
Humøret hjå brødrene var framleis på topp, sjølv om dei siste dagane
har vore hektiske, med mange journalistar og bygdefolk innom.
Media er ikkje ferdige med historia, så følg med i media i tida
framover.
Tips: neste SE og HØR. |