ÅRSMØTEREFERAT FOR AKTV 2009.

Årsmøtet vart halde på Aurland Fjordhotell fredag den 20. mars kl.19.00.
Det møtte  4 styremedlemer og 16 abonnentar (med totalt 23 stemmer).

1.   Innkalling
Innkallinga vart samrøystes godkjend.  

2.   Val av møteleiar
Alf Bjarne Hjelle  vart vald til å leia årsmøtet.

3.   Årsmelding
Årsmeldinga for 2008 vart lagt fram av leiar og samrøystes godkjent.

4.   Rekneskap
Revidert rekneskap for 2008 vart lagt fram av kasserar og samrøystes godkjent.

5.   Budsjett 2009
Budsjett for 2009 vart lagt fram av kasserar. Ingen merknader. 

6.     VAL.           

6.1       Framlegg frå valnemnda:                 

 

Alf Bjarne Hjelle, leiar

til 2011

attval

 

Tron Andresen, nestleiar

til 2010

ikkje på val

 

Øyvind Skaim, kasserar

til 2010

ikkje på val

 

Ketil Horvei, skrivar

til 2011

attval

 

Knut Sigurd Veum, driftskoordintor

til 2011

attval

 

Revisor Arild Mykkeltveit

til 2010

ikkje på val

 

Revisor Anders Aasen

til 2011

attval

 

 

 

 

            Vedtak: Framlegget frå valnemnda vart vedteke samrøystes.           

6.2         Val på valnemnd:
        Framlegg på Inga Winjum, Ketil Molvær og Thor Andresen.
        Vedtak: Framlegget vart samrøystes vedteke

  1. Årsmøtesaker

7.1       Innkomne saker
            Ingen innkomne sake

7.2       Saker frå styret
           
Ingen saker var lagt fram frå styret.

Etter møtet var det trekking av 1 gratis årsabonnement blant dei frammøtte.
Vinnarar: Thor Andresen

Møtet slutt kl. 20.00             

Etter årsmøtet var det servering gryterett m/tilbehør, kaffi og kaker.

Aurland, 22. mars 2009.

Ketil Horvei

 

 

ÅRSMØTEREFERAT FOR AKTV 2008.

Årsmøtet vart halde på Aurland Fjordhotell fredag den 28. mars kl.19.00.

Det møtte  5 styremedlemer og 39 abonnentar (med totalt 47 stemmer).

1.      Innkalling

Innkallinga vart samrøystes godkjend

2.      Val av møteleiar

Alf Bjarne Hjelle  vart vald til å leia årsmøtet.

3.      Årsmelding

Årsmeldinga for 2007 vart framlagd av leiaren og samrøystes godkjent.

4.  Rekneskap

Revidert rekneskap for 2007 vart framlagd av kasserar og samrøystes godkjent.

5.  Budsjett 2008 

     Budsjett for 2008 vart lagt fram av kasserar. Ingen merknader.

6.  VAL.

     6.1       Framlegg frå valnemnda:     

 

Alf Bjarne Hjelle, leiar

til 2009

ikkje på val

 

Tron Andresen, nestleiar

til 2010

attval

 

Øyvind Skaim, kasserar

til 2010

attval

 

Ketil Horvei, skrivar

til 2009

ikkje på val

 

Knut Sigurd Veum, driftskoordintor

til 2009

ikkje på val

 

Revisor Arild Mykkeltveit

til 2010

attval

 

Revisor Anders Aasen

til 2009

ikkje på val

             Vedtak: Framlegget frå valnemnda vart vedteke samrøystes.

 6.2         Val på valnemnd: Framlegg på Inga Winjum, Ketil Molvær og Thor Andresen.

             Vedtak: Framlegget vart samrøystes vedteke

  1. Årsmøtesaker

7.1     Innkomne saker

Ingen innkomne saker

7.2       Saker frå styret

 7.2.1    Godtgjering til valnemnd og revisorar

 Framlegg frå styret:

Medlemene av valnemnd og revisorar i AKTV får godtgjering for utført arbeid i form av redusert abonnementsavgift. Reduksjonen i avgifta vert sett til 50 %.

Vedtak: 35 røysta for, 10 røysta mot, 2 blanke. Framlegget vart vedteke.

7.2.2        Skifte av dagens kanalpakke

Atle Winjum (tidlegare i Sogn Breiband) belyste evt. konsekvensar av framlegget i hove til breiband distribuert via kabelnettet. Ein evt. overgang medfører at Canal Digital oppgraderer AKTV sin sentral med tanke på digitale signal. Han trur dette vil kunne føre til ein auke i antal breibandskundar vil kabelnettet. I motsatt høve, trur han at kundegrunnlaget både på fjernsyns- og breibandssida sakte, men sikkert vil gå nedover.

Framlegg frå styret:

Dagens kanalpakke vert sagt opp i sin heilheit og vert erstatta med Canal Digital           sin grunnpakke.

Vedtak: 42 røysta for, 2 røysta mot, 3 blanke. Framlegget vart vedteke.

I samband med 20-års jubileet til AKTV, hadde Torgny Tønnessen leita i arkivet og fortalde litt om historikken til fjernsynet i Aurland, frå oppfinnsame forsøk på Bjørgo til tidlege parabol-etusiastar. Han fortalde så om oppstarten  og skipinga av AKTV med dei utfordringar det medførte den gongen. Diverre har arkivet ein god del ”hol” frå oppstarten til dagens dato, men desse håpar me å kunne tette ved å spore opp notatar og referatmateriale.

Etter dette var det trekking av 2 gratis årsabonnement blant dei frammøtte.

Vinnarar: Erik Ohnstad

               Leif Inge Loven

Etter årsmøtet var det servering av blomkålsuppe, gryterett/ kylling m/tilbehør, kaffi og kaker.

Møtet slutt kl. 21.00

Aurland, 31. mars 2008.

Ketil Horvei