Gudvangen er innfallsporten til bygda vår når du kjem frå vest.....

Gudvangen har gjennom århundre vore ei jordbruksbygd. Men staden har sidan sist på 1800-talet også vore ein handels- og gjestgjevarstad. Her kom kai i 1865. Tinghus frå Dyrdal vart på 1870-talet flytt hit inn og sett opp att som hotell/anneks. Det kom i stand dampskipsruter på fjorden heilt til Bergen. Det tok ca. 24 timar å koma dit. I dag tek det 4 timar.

Frå sist på 1800-talet har turistskipa vore eit kjent syn på Nærøyfjorden. Turen til Stalheim gjekk med hest og vogn, og desse måtte det vera mange av.

Fjellsidene opplever folk å vera nærmast loddrette. Her strekkjer dei seg opptil 1400 meter over sjøen. Om vinteren går snøskredene med stor kraft. Men folk kjende området og plasserte husa på dei trygge stadene.

Bøndene her har stølane sine oppå desse høge fjella. På den andre sida ser me ein foss som stuper utover fjellkanten. Fossen heiter Kjelfossen og fekk namnet sitt då ei budeie miste ystekjelen sin utfor kanten. Ho hadde sett kjelen i grova og vart for seint merksam på at vatnet steig. Kjelen flaut opp og følgde med utfor fjellkanten.

I 1991 vart Gudvangatunnelen (11,4 km) opna, slik at stamvegen mellom Bergen og Oslo då var eit heilårssamband utan ferje.