UNDREDAL

Undredal har den minste kyrkja i landet.......

 

UNDREDAL (utt: ’ondredal’)= - ”Stad som ligg lågt, lengst nede". 

Tekst og bilete i teksten på denne sida er av Irmelin Klemetzen.

Undredal er ei bygd med ca. 130 innbyggarar og fem gonger så mange geiter. Staden er i dag vidkjend for stavkyrkja og for den kvite og brune Undredalsosten. At bygda har eigen butikk med post, barnehage og barneskule, er med på å gjera den til ein attraktiv stad å bu. Før vegutløysinga i 1988, var innbyggarane i Undredal meir isolert og måtte sjøvegen eller driftevegar over fjellet om dei skulle ut av bygda i ærend. Eit viktig pluss for Undredal er, og har vore, at kaien her er den siste inn langs Aurlandsfjorden som alltid er isfri vinterstid.

            Undredal er fyrst nemnd i eit kyrkjebrev omkring 1320, der det står om kapellet. Seinare, i 1330-1340, er bygda omtala i det gamle dokumentet "Bergens Kalvskinn", og dei fyrste skriftlege kjeldene me har om gardeigarar, er ei skatteliste frå 1522 der "Andfind på Sop" og "Laffritz på Underdall" er nemnd. I ein periode var desse to av dei fem rikaste menn i heile Sogn og Fjordane.

            I åra mellom 1665-1670 kom det ein borgar frå Bergen og starta eit sagbruk nede ved elva. Nederland og England hadde i denne perioden stor trong for tømmer. Saga var i drift berre i fem år.

            Den fyrste garden i Undredal vart bygd på Bruasva. På 1700-talet vaks klyngetunet til å omfatte omlag 50 bygningar. Etter utskiftinga i 1902 vart det mange forandringar, og i dag er det berre nokre få hus att frå det gamle tunet. Den gamle bygningsmassen nede på allmenningen er i stor grad bevart slik strandsitjarane bygde då dei byrja slå seg ned der på slutten av 1700 talet.

I 1867 var det til saman 16 bruk i Undredal. På denne tida var det omlag 210 innbyggarar i bygda, og fleire bønder dreiv då med geit enn med kyr. Ysting og kinning av geitemjølk vart ein viktig næringsveg, samstundes som gardane gjekk over frå å dyrke korn til å setja poteter. Her var omlag seks stølar i bruk i 1867.

I perioden frå 1844 til 1924 gjekk den store utvandringa til Amerika føre seg. Frå Undredal og dei nærliggjande gardane kring bygda, utvandra det i denne perioden mest 300 personar. Etter kvart kom nokre attende til Undreda,l og nye idear henta frå "over there" vart med på lasset. Ein av ideane var tobakksdyrking, noko som vart stor suksess og gav folk kontantar mellom nevane. Pengane blei i stor grad nytta til å fornya bygningane. 

            Den fyste matbutikken i Undredal opna i 1900, og i 1919 opna matbutikk nummer to. Dei to butikkane heldt det gåande til 1970, då den eldste av dei stengde dørene. Den andre, "Underdalsbui", står her den dag i dag.

I 1919 vart det saftfabrikk i bygda, men den måtte stenge etter nokre år. Sist på 20-åra vert det skipa eit slakteri som heldt det gåande fram til krigen. I 1929 stod Undredal geitostysteri ferdig. Dette vart til fordi bøndene i Undredal her ville laga kvalitetsost som lettare ville bli seld, og for å få betre pris enn når dei dreiv på eiga hand.

I dag er Undredal ei bygd med positiv utvikling, stikk i strid med det som er regelen for utkant-Noreg. Folketalet er på veg oppover, og geitebøndene i bygda arbeider stadig for å betre kåra for småskalaprodusentar av tradisjonsmat. Den årlege Geitostfestivalen vert tilskipa kvar sumar, fyrste helga etter buføring til Langhuso. Buføringsdatoen er 28.juli. Under Geitostfestialen vert tradisjonsmat frå Undredal og heile bygda marknadsført på ein positiv måte.                     

Husa ligg tett vegg i vegg langa Almenningen

 


UNDREDAL
(’ondredal’)= - - ”Place situated furthest down".

Undredal has about 130 inhabitants and five times as many goates. Today the village is known for the old stavechurch and the goat's cheese. Before 1988, Undredal was dependent of boat to communicate, there was no road. The village has a shop with postofiice, kindergarden and school. Together woith the peaceful surrounding this makes Undredal an attractiv place to live.

Undredal and the church is mentioned in old documents in 1320. In 1522 we find two very rich men in Undredal, Andfind på Sop" and "Laffritz på Underdall".

The old farm was situated above the church. All the houses, about 50, were gathered there. After 1900 the farmhouses have been spread. The street by the sea is where the landless villagers could build houses on common ground. After 1700, there were not enough farmland to all the people. In 1867 there were 16 farms and about 210 people in Undredal. Between the years 1844 to 1924 about 300 peole from Undredal left for America.

In 1900 the first shop openes in Undredal, and in 1919 the second. In 1970 the oldest shop closes, but "Underdalsbui" still exists.

Today Undredal is a village in growth.