Aurdalen (Østerbø) (tilbake)

AURLANDSDALEN

Nedre delen av Aurlandsdalen (Aurdalen (Østerbø)– Vassbygdi) er ca. 20 km lang, og tek ca. 6 timar å gå. Det er mange stiar du kan gå etter ulike vanskegrader. Lengre nede i dalen er det ei gjettegryte som heiter Vetlahelvetet. Mange undrar på korleis det vart laga ei gjettegryte så høgt opp i fjellet, men dei vart til under siste istida då isen byrja å smelta. På det meste var det omlag 10 gardsbruk i dalen og rundt 80 menneske. I dag er ingen bruk i drift. Den siste garden som var i bruk var Sinjarheim, og der la dei ned gardsbruket i 1922. Garden Sinjarheim heitte på 1100-talet Singerem. Dei husa som er på Sinjarheim blei bygd på 1800-talet. Tilhøva på Sinjarheim var gode for korndyrking. Dyra ein hadde på Sinjarheim var sauer, geiter, hest og kyr. Du vil passere Sinjarheim lenger nede i dalen. Floraen i dalen varierer med vårvêret.

Før kraftutbygginga tok til, i 1965, var det 470 ulike blomstertypar. Blomane let seg ikkje påverka noko særleg av utbygginga, men dei plantene som var avhengig av høg råme vart ein del tilbakesett. Mange var i mot utbygginga, men hadde det ikkje vore for den, kunne Aurland vore ei fattig bygd.

NATUREN I AURLANDSDALEN

BERGGRUNN

Berggrunnen i Aurlandsdalen er samansett av tre hovudeiningar med grunnfjell som den nedste. Den dominerande bergarten i grunnfjellet er granitt, men det er òg innslag av gneis og amfobolitt. Grunnfjellsoverflata blei i si tid tært ned til havnivå, og grus, sand, leire og kalkslam blei avsett på grunnfjellet.

Etter kvart herda desse avsetningane til fast fjell som blir kalla fyllittavdelinga. Ho er for det meste samansett av glimmerskifer og fyllitt. Dette er mørke , glinsande skifrar som vitrar temmeleg lett. Forsteina grus finst fleire stader som konglomerat.

Etter dette fylgde ein uroperiode då flak av oppsprukke grunnfjell blei skuva av stad på fyllitten, som fungerte som smørjemiddel. Denne eininga blir kalla Jotundekket, og er for det meste samansett av ymse slag gneisar, men har òg innslag av kvartsnitt, gabbro og anorthositt. I denne uroperioden då jordskorpa òg blei utsett for omfemnande faldingar, blei gamle bergartar omdanna og deformert, ikkje minst innan fyllittavdelinga. Grensene mellom dei tre berggrunnseiningane er nesten horisontale i aust, men mot vest skrånar dei nedover. Grensa mellom det som regel harde og lyse grunnfjellet og dei overliggande mjuke og mørke skifrane ligg aust for Aurlandsdalen. I meir enn tusen meter høgd, mot vest, stuper grensa ned under havnivå ved Aurland.

I nedre del av Aurlandsdalen og sidedalane, Låvisdalen, Stondalen, Furedalen og Kleådalen er det grunnfjellsbergartar i dalbotnane og nedst i dalsidene. Eit stykke oppe i dalsidene finn me så fyllittavdelinga. Lenger aust er det Jotundekket som ligg dagen, særleg i Aurlandsdalen og Stondalen.

Jakt på rovdyr og småvilt

Tidlegare var det mykje rikare og meir variert dyreliv i Aurlandsdalen. Rovdyr som bjørn, ulv og jerv kunne vera plagsame. Så seint som midt på 1800- talet var ulvane nærgåande. Det hende dei var like nede i tunet. På fjellet for dei stygt med reinsdyrflokkane. Mange av stadnamna i Aurlandsdalen vitnar om at bjørn har vore vanleg. Jakt på rovdyr var helst med skytevåpen. Men lenge var slike skytevåpen ei mangelvare trass i at Aurland skulle ha ein svært god børsesmed på 1700-talet.

Reinsdyr kunne fangast med naturlege feller der dei hadde sine faste løyper, men rovdyra for over alt og det var vanskeleg å komma inn på. Av og til lukkast dei likevel. I 1974 møtte Martin Heljesen på ”tinget”, der han synte fram skinnet av ein vaksen bjørn som han hadde skote i Stondalen.

Jakt på småvilt har og fylgt med gardsdrifta. Mest omtykt var rypejakt om vinteren. Dette kunne ofte vere både vått og kaldt, for dei hadde berre heimelaga sko.

Aurdalen (ØSTERBØ)

Aurdalen ligg 820 meter over havet. Før i tida hadde Aurdalen heilårsbusetnad i fleire hundre år fram til 1907. Etter det emigrerte mange til Amerika. Gardane vart brukt til stølar heilt fram til 1960-åra. I 1890-åra fekk gardane tilskot frå DNT slik at dei kunne tilby husly og mat når det var fotturistar i dalen. Østerbø Turiststasjon er frå 1894.

Då folk skulle bera ned lik frå fjellet til kyrkjegarden i Aurland, hadde dei ei spesiell bjørk der ein hang opp lika slik att bjørn og ulv ikkje skulle eta dei opp. Denne bjørka vert kalla ”Likbjørka”.

På Aurdalen vart det reist ei gravstøtte i 1953 etter 27 mennesker som hadde vorte gravlagt der frå 1858 til 1911. Grunnen til at den gravstøtta vart røyst, var at dei ikkje kunne frakta alle ned til bygda når dei døyde.

Etter andre verdskrig vart begge hyttene (gardane) reine turisthytter. Hyttene er framleis i drift kvar sommar.

 

AURDALEN (ØSTERBØ)

Aurdalen is situated 820 metres above sea level. Aurdalen was inhabited all year round up until 1907. The farms were used for summer alpine grazing right up until the 1960s.

In the 1890s, the farms received subsidies from the DNT (the Norwegian Mountain Touring Association) so that they could offer accommodation and food to hikers. Following World War II, the cabins (farms) became purely tourist cabins, which are open in the summer season.

SUMMARY OF THE AURLAND VALLEY!

The Aurland Valley is a beautiful valley with a high level of tourism in the summer. It is approx. 20 km from Vassbygdi to Aurdalen, a hike of about 6 hours’ duration. The scenery is stunning and magnificent. There were once around 20 farms in the valley, which had more than 150 permanent inhabitants.

None of the farms are in use today. The residents of the last working farm, Sinjarheim, left in 1922. There was previously extensive and varied agriculture. Beasts of prey, such as bears, wolves and wolverines could be a nuisance here, so these were much hunted in the past, as well as reindeer.

 

AURDALEN (ØSTERBØ)

Aurdalen liegt 820 m ü.d.M. Bis 1907 wurde Aurdalen ganzjährig bewohnt. Ab 1960 wurde auf den Höfen Almwirtschaft betrieben.

In den 1890er Jahren erhielten die Höfe Zuschüsse vom Norwegischen Wanderverein (DNT), um Wanderern Übernachtung und Verpflegung anbieten zu können. Nach dem 2. Weltkrieg wurden die einstmaligen Höfe reine Berghütten. Die Hütten sind in der Sommersaison geöffnet.

ZUSAMMENFASSUNG ÜBER DAS AURLANDSDALEN!

Das Aurlandsdalen ist ein wunderschönes Tal, das im Sommer von vielen Touristen besucht wird. Von Vassbygdi bis Aurdalen sind es ca. 20 km, für die man zu Fuß ca. 6 Stunden benötigt.In diesem Tal mit seiner beeindruckenden, großartigen Natur gab es einstmals bis zu 20 bewirtschaftete Höfe, auf denen ber 150 Menschen ganzjährig wohnten.

Heute wird keiner der Höfe mehr bewirtschaftet. Der letzte Hof, er heißt Sinjarheim, wurde 1922 verlassen. Früher waren die Höfe wesentlich größer und betrieben vielfältigere Bauernwirtschaft. Raubtiere wie Bären, Wölfe und Vielfraße konnten lästig sein, und man jagte viele Rentiere und Raubtiere.

 

AURDALEN (ØSTERBØ)

La ferme d’Aurdalen est située à 820 m d’altitude. Jusqu’en 1907, Aurdalen était exploitée toute l’année. Les fermes ont ensuite servi d’alpages jusque dans les années 1960.

Dans les années 1890, les fermes ont été subventionnées par DNT, de manière à pouvoir proposer une table et un toit aux premiers randonneurs. Après la 2e guerre mondiale, les fermes sont devenues de purs refuges. Les chalets sont ouverts l’été.

RESUME – L’AURLANDSDAL

L’Aurlandsdal est une magnifique vallée qui attire de nombreux touristes l’été. De Vassbygdi à Aurdalen, elle s’étire sur une vingtaine de km, soit environ 6 heures de marche. Les paysages y sont aussi fascinants qu’impressionnants. La vallée a compté jusqu’à 20 fermes, soit environ 150 habitants sédentaires.

Aujourd’hui, ces fermes ont toutes été abandonnées. La dernière, Sinjarheim, est restée exploitée jusqu’en 1922. L’agriculture était jadis beaucoup plus présente et variée. Les préda-teurs – ours, loups et Pgloutons – pouvaient être un fléau. La chasse au renne et aux carnassiers était très répandue.

 

(tilbake)