Raosdalane (Vesterdalen) (tilbake)

AURLANDSDALEN

Aurlandsdalen strekkjer seg frå Geitaryggen, 1218 m.o.h. på vasskiljet mot Hallingdal ned til Vassbygdi, 50 m.o.h. Vegen gjennom dalen frå Hol til Aurland er ein av dei gamle ferdselsvegane frå Austlandet til Vestlandet. Denne vegen gjev naturopplevingar utanom det vanlege. Dalen er vill og vakker med bratte, snøkledde fjell, brusande fossar og elvar, eit rikt plante- og dyreliv og mange spor etter gammal busetnad.

Framleis vert dalen mykje nytta av fotturistar og her er mange godt merka løyper. Turisthyttene er eit godt utgangspunkt for slike turar, men turane kan òg kombinerast med bussreiser oppover og nedover dalen.

Jakt i Aurland før og no…

Veiding, jakt og fiske er dei eldste næringsvegane i Aurland. I fjellet finn me mange spor etter tidlegare fangstmetodar. Reinsdyra fanga ein ved å driva dyra inn i dyregraver, eller ein laga bogestila som jegerane gøymde seg bak. Bogestila var bygde slik at samme kvar veg reinen tok, så måtte dei framom ei bogestil.

Det finst framleis mykje rein i høgfjella mellom Aurland og Hol. Om hausten vert det gjeve løyve til å fella rundt 300 dyr. No jaktar folk med moderne skytevåpen og dei gamle dyregravene og bogestilene står der som vitne om eldre fangstmetodar.

BUSETNADEN

Kyrkjebøker, skattelister og andre offentlege bøker nemner ikkje folk på gardane i Aurlandsdalen før på 1600-talet. Det kan tyda på at dalen låg folketom i 250 år etter Svartedauden. Øvstebø (Østerbø) er nemnt for fyrste gong i 1626. Då var det to brukarar på garden, Ingebrigt og Nils. Seinare kom det fleire og fleire innbyggjarar i dalen, særleg frå Hallingdal. Ti gardar og husmannsplassar mellom Øvstebø og Vassbygdi var i bruk.

I 1801 budde det 64 menneske på gardane i Aurlandsdalen. I åra 1815-35 var det stor folkeauke og i 1835 var det 77 menneske. Det vart etter kvart stor fråflytting frå Aurlandsdalen. No er alle gardane nedlagde og det bur ikkje nokon fast i Aurlandsdalen meir. Men her er fleire turisthytter der du kan kjøpa mat og overnatta.

KRAFTUTBYGGINGA I AURLANDSDALEN

Tanken om å utnytta Aurlandsvassdraget til energiproduksjon kom opp først på 1900-talet. Ein stor del av rettane i Aurland vart samla av Fredrik Hiorth som skipa selskapet A/S Aurlandsfaldene i 1916. Året etter fekk Oslo kommune tilbod om rettane, men avslo. Etter andre verdskrigen i 1946 vedtok det nye bystyret i Oslo å kjøpa rettane.

Aurlandsutbygginga føregjekk stort sett mellom 1970 og 1983 og ho var ei fellesutbygging mellom Oslo Lysverker og staten. Hovudelva som skjer seg ned i landskapet mellom to høgfjellsområde, har kjelda si på vestsida av Hallingskarvet. Både på høgre og venstre side tek hovudelva i mot ei rekkje sideelvar. Desse elvane kjem frå mange vatn som ligg i høgda 1350-1450 m.o.h.

Det største magasinet på austsida er bygt i Nyheller- Kongsheller- Øljuvatnet ved ein 90 m høg dam framfor utløpet av Nyhellervatnet. Kraftverket Aurland 3 som ligg på austsida av dalen, er eit spesielt kraftverk ved at maskinene i sommarhalvåret vert brukt til å pumpa vatn frå Vetlebotnvatnet 400m lengre nede og opp til det store magasinet ved Nyhellervatnet.

Om vinteren vert det magasinerte vatnet og det lokale tilsiget utnytta til kraftproduksjon i det 400m høge fallet til Aurland 3 og vidare i kraftstasjonane nedanfor. I Aurlandsdalen er det 5 kraftstasjonar.

I Aurlandsverka vert produsert ei energimengd på om lag 2600 mill. kWh. Dette svarer til om lag 38 prosent av forbruket i Oslo i 1993. Maskininstallasjonane gjev ein samla maksimal effekt på 1050 MW, og det svarer til 62 prosent av registrert maksimalbelastning i Oslo.

 

Raosdalen (VESTERDALEN)

The head of the Aurland Valley is Mount Geitaryggen, 1218 metres high, at the watershed towards Hallingdal and stretching down to Vassbygdi, 50 metres high. The valley is wild and beautiful, with steep, snow-clad mountains, cascading waterfalls and gushing rivers, and a wealth of animals and plants. Hunting and fishing are the oldest occupations in Aurland, and many traces of the old hunting ways are still to be found in the mountains. There are still lots of reindeer roaming free in the mountains around Aurland and Hol, and permission was granted last autumn to cull 300 animals. As many as 70 people lived here in the mountains during the 19th century. The farms have all been abandoned how, but you can still see many traces of their settlement.

The Aurlandsvassdrag watercourse has been used to generate hydro-electric power, producing around 2,600 million kWh of power.

Hiking has always been very popular in the Aurland Valley, and there are many good, marked trails here for hikers to follow. There are several places of accommodation where you can buy food as well.

 

Raosdalen (VESTERDALEN)

Das Aurlandsdalen erstreckt sich vom Geitaryggen, 1218 m ü.d.M., der Wasserscheide, in Richtung Hallingdal hinunter nach Vassbygdi, 50 m ü.d.M. Dieses wunderschöne, wilde Tal mit seinen steilen, mit Schnee bedeckten Bergen, tosenden Wasserfällen und Flüssen hat ein reiches Pflanzen- und Tierleben. Das Sammeln, Jagen und Fischen gehören zu den ältesten Erwerbszweigen im Aurlandbereich. Im Gebirge findet man zahlreiche Spuren alter Fangmethoden. Im Hochgebirge zwischen Aurland und Hol gibt es immer noch zahlreiche wilde Rentiere. Im Herbst werden rund 300 Tiere zum Abschuss freigegeben.

Im 19. Jahrhundert lebten hier bis zu 70 Menschen. Nun sind alle Höfe verlassen, doch es gibt noch immer zahlreiche Spuren, Zeugen dieser ehemaligen Besiedlung.

Der Aurlandsflusslauf dient zur Produktion von elektrischem Strom. Insgesamt wird hier Strom von rund 2600 Mill. kWh erzeugt.

Das Aurlandsdalen ist ein beliebtes Wandergebiet, und Wanderer finden hier zahlreiche gut gekennzeichnete Wanderwege. Im Tal gibt es mehrere Übernachtungsbetriebe, in denen Sie auch essen können.

 

Raosdalen (VESTERDALEN)

La vallée de l’Aurlandsdal s’étire de Geiteryggen, situé à 1218 m d’altitude, où passe la ligne de partage des eaux vers le Hallingdal, et jusqu’à Vassbygdi, situé à 50 m au-dessus de la mer. La vallée est superbement sauvage : des cimes escarpées et enneigées dévalent cascades et torrents rugissants, la flore et la faune y sont agréablement variées.

La cueillette, la chasse et la pêche sont des activités qui s’y sont pratiqués de tout temps. La montagne a gardé de nombreuses traces des méthodes de chasse de jadis. De nombreux rennes peuplent toujours la haute montagne entre Aurland et Hol. A l‘automne, les quotas de chasse autorisent l’abattage d’environ 300 animaux.

Au 19e siècle, la région a compté jusqu’à 70 habitants permanents. Les fermes sont aujourd’hui toutes abandonnées, mais les traces de ce peuplement sont encore bien visibles.

Le réseau hydrographique de l’Aurland a été mis au service de la production électrique, et la houille blanche permet une production annuelle de 2600 millions de Kwh.

L’Aurlandsdalen est un haut lieu du tourisme de randonnée et est sillonné par un réseau de pistes bien balisées. Dans la vallée, plusieurs refuges permettent de trouver un toit pour la nuit et de se restaurer.

 (tilbake)