Stemmerdalen (tilbake)

Stemmerdalen var eit rikt beiteområde

Det ser ut til at fjellet har vorte mykje brukt i mellomalderen, ikkje berre som beite for store reinflokkar, men også som hestebeite og til stølsdrift.

Stemmerdalen var eit av dei rikaste beiteområda på Vestlandet. Her var stor aktivitet med mange storfe og småfe kvar einaste sommar i mange hundre år. Det kunne vera 800-1000 kyr i Stemmerdalen, og på det meste var det også 90 hestar her.

Det var stor driftehandel rundt Langfjella, og i Aurland var det mange driftekarar. Driftekarane kjøpte storfe mellom anna i Sunnfjord. Dyra dreiv dei til Stemmerdalen slik at dei kunne nytta dei svært gode beitetilhøva. I august - september vart dyra drivne austover og selde på flatbygdene eller marknadene.

Framleis er det mange bønder som har dyr på beite i Stemmerdalen, men område har fått redusert beiteverdi etter kraftutbygginga. Storparten av beita ligg mellom 1000 og 1350

m.o.h.

Steinbergdalshytta

I 1895 vart Steinbergdalshytta bygd. Før hytta stod ferdig hadde det sjølvsagt vore fleire synfaringar i marka og mange kvasse ordskifte på generalforsamlinga i Den Norske Turistforrening, DNT. På den tida DNT planla å byggje ei hytte i Stemmerdalen, var det mykje ferdsle i området av sauegjetarar, driftekarar og stølsfolk. Her var det lett å skaffa kjøt og mjølkeprodukt av ypparste kvalitet. Frå stølane i Stemmerdalen kjøpte det "fornæme" Finse hotel smør, ost, fløyte og kjøt.

Tømmeret til Steinbergdalshytta kom frå Hol med hest. På vårparten kunne dei køyra etappene over fjellet om Geiteryggen på skare. Dei køyrde samla med fem hestar om gongen, men jamvel om hestane var av beste slag, kunne dei knapt få fram meir enn 10-15 tømmerstokkar pr. tur.

I starten hadde dei berre 17 senger, men det var ofte fleire gjester enn dei hadde sengeplassar til. Til turisthytta høyrer òg eit sel som blir kalla for ”Førarbui”. Namnet kom fordi turistar frå Finse ofte hadde med seg førarar og her fekk førarane overnatta. Fotturen frå Finse til Stemmerdalen tek ca. ein dag. Denne løypa vert mykje brukt no òg. Turen går gjennom heile Aurlandsdalen med mange vakre naturopplevingar som brear, fossande elvar, grøne sletter, tronge dalar, høge stup og rik flora.

I dag høyrer det fem bygningar medrekna fjøsen, til Steinbergdalshytta. Det er eit hovudbygg, anneks, fjøs og to små hytter. Her er sengeplassar til 50 personar.

Steinbergdalshytta er ei moderne fjellhytte. Jon og Signe Fimreite som har drive hytta i ein mannsalder, har vore svært flinke til å ta vare på gamle ting. I hytta finn du antikvitetar og bruksting frå dagleglivet på Steinbergdalshytta gjennom snart 100 år.

Kosten har alltid vore svært god her på Steinbergdalshytta. Her var rikeleg med mjølkeprodukt frå husdyra og i vatna fanst mykje fin fjellaure. Kjøt og andre varer vart oppbevarte i ein kald kjellar. Fram til fleire år etter krigen, vart alle varer frakta til Stemmerdalen med kløvhest opp Aurlandsdalen. Ved til koking måtte óg fraktast opp på kløvhest. Seinare vart veaselen teken i bruk, og mykje av varene kom med den frå Austsida. Seinare, før bilvegen kom, vart mjøl, salt, sukker og andre varer som held seg lenge, frakta til Stemmerdalen frå Hallingdal. Til sjølve frakta brukte ein visel. Ein visel er eit beltekøyretøy. Viselen kunne ikkje køyra heilt fram fordi her er for bratt og vanskeleg terreng. Det siste stykket frå høgfjellet og ned til hytta vart varene frakta med vareheis. Andre varer frakta dei på hesteryggen frå bygda og opp til Stemmerdalen. Framleis vert det servert mykje heimelaga, god mat på Steinbergdalshytta.

Kraftutbygging i Aurlandsdalen

Då elva i Aurlandsdalen vart utbygd, fekk Stemmerdalen vegsamband vestover i 1974. Året i førevegen var det ferdig køyreveg til Hol slik at forsyningar kom derifrå dette året. Etter kraftutbygginga har landskapet forandra seg mykje. Før var her fire vatn, men den nye demninga har kopla desse vatna saman til eitt. Den nye vegen set og sitt preg på landskapet, men naturen er framleis like fin og forførande som før.

 

Stemmerdalen

Stemmerdalen is about 1,100 metres high, with good, alpine pasture. In the old days, there could be up to 500 sheep, 800 cattle and about 90 horses grazing here. The number of animals grazing here in the summer has declined now, but about 1,100 sheep still graze in the area. Milk from the animals is still made into cheese and butter and served at the tourist cabin, Steinbergdalshytta. This cabin was built in 1895 and started being used the same summer. When it was first built, there were 17 beds at the cabin – now there are 50 beds here. A road leading up to the cabin has now been built.

 

Stemmerdalen

Das Stemmerdalen liegt ca. 1000 Meter über dem Meeresspiegel. Es zeichnet sich durch gute Weideflächen aus. Früher weideten hier bis zu 500 Schafe, 800 Rinder und rund 90 Pferde. Die Zahl der Weidetiere ist mit der Zeit zurückgegangen, aber es gibt in diesem Gebiet immer noch ca. 1100 Schafe. Und Milchprodukte wie Käse und Butter werden auch noch heute hergestellt und in der Steinbergdalshütte serviert.

Die Berghütte wurde 1895 gebaut und im gleichen Sommer in Betrieb genommen. Anfangs hatte die Steinbergdalshütte 17 Schlafplätze, heute besitzt die Hütte 50 Betten. Jetzt führt auch eine für Autos befahrbare Straße direkt bis zur Hütte.

 

Stemmerdalen

Stemmerdalen est situé à environ 1100 m d’altitude. Cette région de riches pâturages pouvait jadis accueillir jusqu’à 500 moutons, 800 bovins et environ 90 chevaux. Le nombre d’animaux en alpage a depuis baissé, mais quelque 1100 moutons viennent encore y passer l’été.

Des produits laitiers comme le beurre et le fromage sont toujours fabriqués localement et servis au refuge de Steinberghytta. Le refuge proprement dit a été construit en 1895 et inauguré la même année. Steinberghytta proposait à l’origine 17 lits, mais la capacité d’hébergement a depuis été portée à 50 lits. Une route carrossable permet aujourd’hui de se rendre en voiture jusqu’au refuge.

 

 (tilbake)