Utsikten (tilbake)

AURLANDSDALEN

Aurlandsdalen er ei frodig naturperle. Dalen strekkjer seg frå Geiteryggen til Vassbygdi som ligg ca. ei mil frå Aurland sentrum.

Dalen vart for mange tusen år sidan utforma av store isbrear, men no renn det berre ei lita elv der som er forminska av kraftutbygginga.

Før utbygginga hadde ikkje Aurlandsdalen vore utsett for store naturinngrep. Dalen vart kjend over heile Noreg i samband med kraftutbygginga som starta i 1969, og var ferdig i 1984.

Den delen av dalen som er mest ramma av kraftutbygginga er strekninga frå Geiteryggen til Aurdalen (Østerbø). Resten av dalen frå Aurdalen til Vassbygdi, er ikkje ramma på nokon annan måte enn minska vassføring i elva.

Aurlandsdalen er godt egna for fotturisme. Vandreruta nedover dalen er ei av dei mest populære i landet. Her finn du mange merka turstiar. Den mest brukte går frå Aurdalen til Vassbygdi og tek rundt 6 timar.

Aurlandsmarsjen frå Aurdalen til Vassbygdi vert arrangert kvart år den siste søndagen i juli.

SINJARHEIM

Den siste garden i Aurlandsdalen som vart fråflytta, er Sinjarheim. Her budde det folk fram til 1922. Garden vert enno brukt som støl sommarstid. Garden vart restaurert i 1988, og vert framleis vedlikehalden år etter år. Når du går frå Aurdalen til Vassbygdi, passerer du denne garden.

NATUREN

Naturlandskapet i Aurland er kontrastrikt med lange dalføre og ville fjell. Folk har teke mykje frå naturen, og det har sett tydelege spor i landskapet. Lanskapet er variert, alt frå stigar langs vatn til galdar som er sprengt ut i stupbratte fjell.

Vegen gjennom Aurlandsdalen frå Hol til Aurland er ein av dei gamle ferdselsvegane gjennom landet. Naturelskarar av alle slag har gjennom tidene skildra dalen med venleik og villskap i natur og landskap.

Ein av grunnane til den rike og varierte floraen er det rike kalkinnhaldet i fjella.

Fakta om Aurlandsdalen

Aurlandsdalen strekkjer seg frå Vassbygdi, 50 m.o.h. til Geiteryggen, 1218 m.o.h. Dalen er ca. 50 km lang. Den første turisthytta, Steinbergdalshytta, vart opna for turistar i 1895.

I Aurlandsdalen er det no fleire overnattings-stader.

Vegen som går over fjellet i dag, har eksistert i ei eller anna form i fleire hundre år. Det har budd folk i Aurlandsdalen i fleire tusen år. Så seint som i 1850 var det tilsaman 15 gardar og husmannsplassar i drift i Aurlandsdalen.

Lærdal - Aurland

Snøvegen mellom Fjordane

Når du skal vidare frå Aurland til Lærdal vil me rå deg til å køyra den 45 km lange Snøvegen som går mellom Aurland og Lærdal. På mindre enn ein halv time kjem du frå Sognefjorden og opp i over 1.300 meter høgd. Her oppe har du eit fantastisk panorama over fjorden og mot Jotunheimen.

Stølen Skålane (Skaolo) ligg på høgre sida av Snøvegen, der fylkesvegen mellom Aurland og Lærdal skrånar ned mot Lærdalsfjorden. Skålane i Aurland var sommarstøl for 12-13 bruk i Aurland. Dei same bruka hadde stølar i Kvammadalen, det vide dalføret ein køyrer gjennom like etter den bratte oppstiginga frå Aurlandsvangen. Desse stølane var vårstølar.

Når dei skulle buføre mellom dei to stølane, tok det omlag 4 timar å gå med geitene. Skålane ligg omlag 1100 m.o.h., men buferdsvegen gjekk opp i 1300 m.o.h. Med dei snømengdene som kunne vere i fjellet her, blei det ofte langt på sommaren før stølen kunne takast i bruk.

Stølar som Skålane er gode døme på kor viktige fjellområda har vore for gardane her i Aurland, og korleis dei har utnytta fjellområda langt vekke frå gardane. Etter krigen tok den tradisjonelle stølsdrifta på Skålane slutt, men enno er området viktig som beiteområde for sau.

 

The view

The beautiful Aurland Valley starts at Mount Geiteryggen and ends in Vassbygdi, 10 km from Aurland centre. The valley is about 50 km long. There were a total of 10 working farms and cotters' farms here up until 1850. The Aurland Valley was formed by huge glaciers many years ago.

The amount of water in the main river has been greatly reduced because of the building of hydro-electric power plants, which started in 1969 and was concluded in 1984. However, many small rivers still cascade down the mountainsides.

The scenery in the Aurland Valley is lush and full of contrast. The rich lime content of the soil is one of the reasons why the flora of the valley is so varied.

The Aurland Valley is ideal for hiking. The trail down the valley is one of the most popular in Norway. There are many marked trails here. The most popular trail goes from Aurdalen (Østerbø) to Vassbygdi and the hike takes about 6 hours.

 

Aussicht

Das Aurlandsdalen ist ein hübsches Tal, das sich vom Geiteryggen bis nach Vassbygdi, das 10 km vom Aurlander Zentrum entfernt liegt, erstreckt. Das Tal ist ungefähr 50 km lang. Bis 1850 gab es hier insgesamt zehn Höfe und Katen, die bewirtschaftet wurden.

Das Aurlandsdalen wurde einstmals von großen Gletschern geformt. Die Wasser-menge des Haupt-flusses ist durch den Wasserkraftausbau zwischen 1969 und 1984 erheblich reduziert worden. Doch noch immer stürzen zahlreiche tosende Bäche von den Bergwänden ins Tal.

Im Aurlandsdalen zeigt sich eine üppige Natur voller Kontraste. Das reiche Kalkvorkommen im Gestein ist einer der Gründe für die abwechslungsreiche Flora.

Das Aurlandsdalen eignet sich gut zum Wandern. Die talabwärts führende Wanderstrecke ist eine der beliebtesten Strecken des Landes. Hier finden Sie zahlreiche gekennzeichnete Wanderwege. Am häufigsten wird der Weg von Aurdalen (Østerbø) nach Vassbygdi benutzt. Die Wanderzeit beträgt rund 6 Stunden.

 

Vue

L’Aurlandsdal est une belle vallée qui s’étend des hauteurs de Geiteryggen à Vassbygdi, à une dizaine de km du centre d’Aurland. La vallée s’étire sur une cinquantaine de km. Jusque vers 1850, une dizaine de fermes et de métairies étaient en activité.

L’Aurlandsdal a été creusé jadis par d’énormes glaciers. Le débit de la rivière principale a été fortement réduit pour les besoins de la production hydroélectrique, mise en chantier en 1969 et menée à bien en 1984. De nombreux torrents rugissants dévalent cependant toujours les coteaux escarpés.

Les paysages naturels de l’Aurlandsdal sont aussi contrastés que somptueux. La présence de calcaire dans la roche explique en partie la richesse de la flore.

L’Aurlandsdal est un terrain de randonné très apprécié. La descente à pied de la vallée est un des itinéraires les plus connus du pays. Il existe un réseau dense de pistes balisées. La plus populaire joint Aurdalen (Østerbø) à Vassbygdi et prend environ 6 heures.

 

(tilbake)