Aurlandsvangen

Du kan klikke på panoramabiletet ovanfor og ta deg ein tur med musa på vangen.

Klikk her for fleire bilete frå Vangen.

Biletet over er frå kommunesenteret Aurlandsvangen med Vangen kyrkje frå 1200-talet som midtpunkt. Nær denne ligg rådhuset, forretningane og kaiane. Senteret har vakse seg utover i nye byggefelt etter 1970, då kraftutbygginga tok til. I 1997 budde det 1270 menneske i dette soknet, det største i kommunen.

Bygda har vore ei jordbruksbygd, der også féhandel eller driftehandel var ei næring på 1800- talet og til rundt 1940. Dessutan har produksjonen av aurlandsskoen hatt mykje å seia for kommunen på 1900-talet. Skoen blir framleis laga på Aurland Skofabrikk.

Aurland var isolert på vinterstid fram til då vegen austover til hallingdal kom kring 1980 og ferjefritt samband mellom Bergen og Oslo kom ved Flenja- og Gudvangatunnelen i 1991.

Frå Aurland kom det veg over fjellet til Lærdal midt på 60-talet. Denne er i dag ein stor turisattraksjon med eit fantastisk utsyn over bygd og fjord.

Biletet ovanfor av Aurlandsvangen er frå ein noko uvanleg vinkel. Fotograf er Anita Rye Grymyr.

Me inviterer med dette alle som har fine bilete dei gjerne vil dele med andre, til å leggje ut bilete på sidene våre.